Joker Vatlandsvåg

Velkomen til Joker Vatlandsvåg! Me held til i Vatlandsvåg på Ropeidhalvøya i Suldal kommune. I tillegg til at me har alle daglegvarene du treng, så har me drivstoff og gass, apotekutsal og pakkeutlevering for både Posten og Postnord. Lokale handverksprodukt frå Taga Design, fiskeutstyr, bilpleie, båtutstyr og hagereiskap har me óg. Butikken ligg fint nede ved sjøkanten på Kloppå. Der har me ei flott båthamn med 8 gjesteplassar og 13 utleigeplasser. Den har både vatn, straum og kortpumpe for drivstoff. Me er Felleskjøpet-forhandlar. Av produkt derifrå kan nemnast: Kraftfôr, gjødsel, såfrø, sprøytemiddel, oljer, hunde- og kattemat, plantejord og bark. I sommarferien har me ekstra lange opningstider. Då har me ope den populære kuleisdisken. Den første laurdagen i fellesferien arrangerer me Halvøydagen.Det er ein marknads- og aktivitetsdag for små og store med salsboder, gratis grilla laks frå Rogaland Fjordbruk, leiker og underhaldning.

Våre åpningstider

Hverdager
09:00 - 18:00
Fredag
09:00 - 20:00
Lørdag
09:00 - 18:00
Søndag
Stengt

Kontakt oss

Vatlandsvågen 19
4235 HEBNES
Telefaks: 52796101